Den 25. april heldt Helse- og omsorgskomitéen på Stortinget open høyring knytt til den neste folkehelsemeldinga. FUG hadde ikkje høve til å møte denne dagen, men vi stod saman med Norsk Forum for betre innemiljø for barn (NFBIB) som heldt innlegget og Elevorganisasjonen (EO) om eit felles innspel.
Se hva de skriver på sin nettside her:
https://foreldreutvalgene.no/fug/notater/komitehoyring-ny-folkehelsemelding
Bukken og havresekken
I innlegget som er støtta av både FUG og EO, peika Bjerke og Bakke på at grunnlaget for god folkehelse leggjast i barneåra. Då er eit godt inneklima i skolane svært viktig. Særleg to ting må vere på plass for å få til dette. Det eine er at kommunestyra må vedta forpliktande vedlikehaldsplanar. Det andre er at det må etablerast eit uavhengig tilsyn. Systemet slik det er i dag, minner mange stader om ei ny forteljing om bukken som vart sett til å passe på havresekken.